Det polerte ?heiltreskaftet i masurbjørk har ein markert mage og ein solid fingerstoppar, noko som gjev eit særs godt grep. Den mørke oljen bidreg til å bringe fram det flotte mønsteret i masurbjørka.
Bladet er laga av vårt laminerte trelagsstål. Dette stålet gir ein sylskarp og solid egg samstundes som det er relativt lett å sette opp igjen om det skulle bli behov for det. Forma på bladet er ideell til både spikking og pølsekutting – og det meste anna ein treng ein kniv til på tur.
Fossekallen kjem med ei slire i klassisk brunt vegetabilsk lær. Slira er forma med ein trykknapp som klemmer rundt skaftet og held kniven sikkert på plass.