Helle Fjellkniven

1100 Black

Sidan Helle starta i 1932 har det alltid vore ein Fjellkniven i vårt sortiment. Idèen bak kniven har alltid vore at det skal vere ein elegant kniv med røtter i norsk natur. Den moderne varianten legg vekt på enkel eleganse, med eit heiltreskaft i masurbjørk og eit høgpolert blad i trelagsstål.

kr 1 049

Beskrivelse

Den enkle elegansen er kanskje grunnen til at Fjellkniven har vore ein av Helle sine største salssuksessar sidan den kom i 1994. Kniven er lett, og skaftet har eit klassisk, ergonomisk snitt i skandinavisk stil med ein liten fingerstopp fremst. Bladet er skinnande blankt og har skandinavisk sliping, noko som fører til at kniven er ein idèell følgesven på tur i fjellet.

I 2022 lanserte vi Fjellkniven i 12C27-stål – same design og kjensle, berre no med eitlags-stål i bladet. 

Valet mellom 12C27 og H3LS (laminert) kjem an på korleis du ønskjer å bruke kniven din. 12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle. Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål. 

Kniven kjem i ei klassisk skandinavisk, cognac-farga lærslire. 

Teknisk informasjon

DetaljarFjellkniven
StålSandvik 12C27 rustfritt stål
Bladtjukkelse3,1 mm
Bladlengde101 mm
KonstruksjonStikktange
SkaftmaterialeMasurbjørk og framplate i rustfritt stål
Lengde handtak110 mm
SlirematerialeEkte vegetabilsk lær
DesignerHelle
Designår1994

Spesifikasjoner

Størrelse

OneSize

Farge

1100 Black

Omtaler

Spørsmål

Handlekurv
Helle-Fjellkniven-201004-Lillehammer Sport-1Helle Fjellkniven