Helle Eggen 12C27

1100 Black

Eggen er eit av våre mest ettertrakta produkt. Denne hausten lanserer vi Eggen 12C27 – same design og kjensle, berre no med eitlags-stål i bladet. 

kr 1 149

Beskrivelse

Valet mellom 12C27 og H3LS (laminert) kjem an på korleis du ønskjer å bruke kniven din.

Sandvik 12C27 er eit stivare stål, og vil gi deg ei anna kjensle. Det fullherda bladet (sidan det ikkje er laminert) kan òg slipast til ein skarp rygg, for alle dei av dykk som tenkjer å bruke kniven med eit tennstål. 

Eggen 12C27 har eit nydeleg skaft fra eitt stykke utvald masurbjørk, kjærleg pussa og polert for hand til ein fløyelsmjuk finish. Skaftet er utstyrt med ein velproporsjonert fingerstoppar for tryggleiken si skuld. 

Eggen 12C27 blir levert med ei svart slire i ekte lær med sølvfarga søm som matchar aluminiumsknuppen i enden av skaftet. 

Teknisk informasjon

Detaljar Eggen 12C27

Vekt: 120 g

Stål:Sandvik 12C27 rustfritt stål

Bladtjukkelse: 2,9 mm

Bladlengde: 101 mm

Konstruksjon: Stikktange

Skaftmateriale: Masurbjørk

Lengde handtak: 110 mm

Sliremateriale: Ekte svart lær

Designer: Gunnar Lothe

Designår: 1998, ny versjon lansert 2021

Spesifikasjoner

Størrelse

OneSize

Farge

1100 Black

Handlekurv
Helle Eggen 12C27